Jubileumsgåve til gravplassen frå Arna Rotary

Arna Rotary ønska å gje noko tilbake til lokalsamfunnet, og no er to flotte benkar på plass på Arna kyrkjegard. Bergen kirkelige fellesråd er takksam for gåva.

av Gyrid Cecilie Nygaard

foto Gravplassmyndigheten i Bergen

Arna kyrkjegård er nettopp ferdig rehabilitert med oppradering av gravplassens gangsoner og etablering av nye sitteplasser med benker og fast dekke. Mykje takka vere Arna Rotary klubb.

Ein vakker plass for ettertanke

- Arna Rotary tok kontakt og ønska å gje oss ei jubileumsgåve. Dei gav oss eit beløp som vi har brukt til kjøpe desse benkane, seier Kristin Rolland, landskapsrådgjevar hos Bergen kirkelige fellesråd.

- Gode sitteplassar på gravplassane gjev rom for dei som ønsker ein stad for ro og ettertanke, eller ein pause. Vi er svært glade for dei flotte benkane.

I tillegg har BKF fått gjort anna arbeid som var naudsynt på gravplassen.

- Når vi var i gang har vi også rehabilitert ein tørrmur. Og plankegjerdet som har stått grunna arbeid med togtunnellen er no fjerna, og det er beplanta ein voll som ein buffer mot elva Lakslia, fortel Rolland.

Ønsker å gjere ein skilnad

Anne-Britt Hauge er president i Arna Rotary Klubb, og ønska å gje ei gåve til lokalsamfunnet.

- Vi valde å støtte med to benkar for å kunne gje dei som skal besøke grava til sine nære og kjære ein god plass å sitje når dei er på kyrkjegarden. For mange er det godt å berre få vere nær. Vi i Arna Rotary klubb ønsker å gjere ein skilnad, og det føler vi at vi får med å gje støtte til desse benkane for dei som har mista nokon.

Benkane er no på plass, og er for alle som ønsker å nytte dei.

Det nye plankegjerdet som skjermer mot parkeringsplassen ved Arna stasjonBenken plassert på ny, brosteinsbelagt plass, med granhekk mot Arna stasjon som bakgrunnPlakett på benken som er finansiert av jubileumsgave fra Arna Rotary Klubb