Aktivitetshus Vikholmen
Huset er eigd og drive av Stiftelsen Vikholmen, som er danna av tre lokale lag: Sørøyane Røde Kors, Ulstein Seilforening og Ulsteinvik Småbåtlag. Aktivitetshuset ligg idyllisk til ved sjøkanten, og stiftinga har som føremål å tilby eit rimeleg og tilgjengeleg lokale til alle i Ulsteinvik og omegn. Dei ønsker å vidareføre den opphavelege tanken bak Aktivitetshuset, nemleg at det skal "innrettast til beste for utøving av ulike aktivitetar for folket i bygda."
Ulstein kommune har avtale med stiftinga om å stille lokala sine til disposisjon til livssynnøytrale seremoniar, for innbyggarar heimehøyrande i Ulstein. Seremonirommet kan fritt nyttast av personar som ønsker namnefest, dåp, konfirmasjon, vigsel eller gravferd - enten ein er knytt til eit trussamfunn, eller om ein ikkje ønskjer eit religiøst innhald i seremonien.
Fri bruk av rommet gjeld berre sjølve seremonien og ikkje selskapet/festen knytt til denne. Det er avsett ei tidsramme på maksimum 4 timar til sjølve seremonien.
Aktivitetshuset Vikholmen ligg i Sjøgata 78 (ved småbåthamna i Ulsteinvik)