Former for graver og gravlegging
Den som er ansvarleg for gravferda har ansvar for å bestemme om avdøde skal bli kremert eller gravleggast i kiste. Det er gravplassmyndigheita som tildelar kva grav som skal brukast.
Den som er ansvarleg for gravferda har ansvar for å bestemme om avdøde skal bli kremert eller gravleggast i kiste. Det er gravplassmyndigheita som tildeler kva grav som skal brukast.
I Noreg har avdøde personar rett til frigrav i si heimkommune. Med frigrav meinest det at grava ikkje skal beleggast med festeavgift i fredingstida. Fredingstida på grava er 20 år. Etter fredingstida kan dei etterlatne velje å behalde grava mot at det betalast ei festeavgift.
Dersom den avdøde har budd på ein institusjon i ei anna kommune siste delen av livet, blir siste bustadkommune før den avdøde kom på institusjon rekna som heimkommune.
Det skal avhaldast seremoni for den avdøde seinast 10 virkedagar etter dødsfallet. Det er berre kyrkjeverjen som kan gi tillating til å overskride denne fristen. Tillatinga giast berre i spesielle tilfelle.
Kistegrav
Kistegravlegging kallast gravlegging/begravelse. Kista blir senka ned i grava umiddelbart etter gravferdsseremonien. På grunn av storleiksskilnader på ein vaksen og eit barn er det eigne felt for barnegraver. Dette er for å utnytte arealet på gravplassen betre. Det e mogleg å gravlegge i dobbel djupt slik at to kister kan vere i same kistegrav. Den øvste kista skal plasserast slik at den har minst 0,8 meter jord over kista.
Urnegrav
Urnegravlegging kallast bisetjing. Seremonien blir avslutta ved at kista førast inn i gravferdsbyrået sin bil, som køyrer den avdøde til krematoriet. Her blir den avdøde kremert kort tid etter. Urna blir så sett ned på ein urnelund, minnelund eller oppå ei eksisterande kistegrav.
Det kan setjast ned 4 urner på ei urnegrav. Det er plass til 8 urner ei eksisterande kistegrav.
Urna må vere gravlagd seinast 6 månadar etter dødsfallet. Om vinteren blir ikkje urnene sett ned før telen er gått ut av jorda, då kan dei 6 månadane overskridast noko.
Festegrav
I forbindelse med eit dødsfall, kan det etter avtale reserverast ei grav ved sidan av den tildelte frigrava. Denne reservasjonen må gjerast i forbindelse med dødsfallet til den fyrste. Det skal betalast festeavgift for den reserverte grava også etter den blir teken i bruk. Festeavgift blir betalt for 5 år av gongen. Reservasjonen gjeld kistegraver, då ei urnegrav kan ha 4 urner på same grav.
Namna minnelund
Urnegrav med felles minnesmerke. Feltet er ferdig utstyrt med gravminne der namn blir ført på ei plate. Namneplata blir sett på i forbindelse med at urna blir sett ned.
Gravplassmyndigheita eig gravminnet og er ansvarleg for planting og stell. Dei etterlatne kan leggje blomar eller lys på angitt stad. Ved bestilling av grav i namna minnelund blir det betalt ei eingongsavgift som inkluderer namneskilt med montering samt grava sin andel av vedlikehald av feltet i 20 år.
Det blir arbeidd med å etablere namna minnelund på Osneset kyrkjegard.
Gravstad for spedbarn
Spedbarn som døyr eller er dødfødde kan anten gravleggast i eiga grav på barnefeltet, familiegravstaden eller anonymt på eige felt.
Spreiing av oske
Med ein søknad til Statsforvaltaren kan den avdøde eller etterlatne søke om å få spreie oska. Då senkast den anten ned i havet eller oska blir spreidd for vinden. Statsforvaltaren set vilkår for løyvet. Dette løyvet må vere på plass før den avdøde blir kremert, då det blir brukt ei spesialurne. Ein type for sjø, ei anna for oskespreiing. Det er ikkje tillate å spreie noko av oska og få lagt resten på gravstaden (oska skal vere samla). Verte oska spreidd vil den avdøde heller ikkje få ei namneplate på minnelund eller på ein gravstein.
Anonym grav
Ei grav utan namn. Pårørande kan ikkje delta ved gravlegginga og det er berre gravplassmyndigheita som skal vite kvar den avdøde er gravlagd. Pårørande kan få beskjed når gravlegginga har funne stad.