Gravplassmyndigheit i Ulstein

Nyttig informasjon til ansvarleg for grav

Éin person skal vere ansvarleg for ei grav. Den som er ansvarleg for gravferda skal få høve til vere ansvarleg for grava dersom den avdøde får tildelt ny grav. Ved gjenbruk av grav må den som er festar godkjenne ny bruk. Når ein ny grav blir tatt i bruk til ein av kommunen sine eigne innbyggarar blir det kalla ei frigrav. Denne skal det ikkje skal betalast for.

Frigravperioden er vanlegvis på 20 år. Når denne perioden er over, vil du få melding og høve til å feste grava vidare mot betaling. Du blir da festar av grava.

 

Ønsker du å slette ei grav?

Dersom du er ansvarleg eller festar for ein grav, kan du velge å slette grava. Det betyr at du seier i frå deg ansvaret for grava og at festet opphøyrer. Da er det gravplassmyndigheita som tek over ansvaret. I dei fleste tilfelle vil gravminnet og planter bli fjerna, og det blir sådd til med gras.

Dersom du ikkje ønsker å ta med gravminnet, vil dette bli overtatt av gravplassmyndigheita. Gravminnet kan da bli destruert eller brukt om att. Dersom fredingstida for grava er gått ut, vil grava kunne bli brukt til ny gravlegging.

Det er også mogleg å overføre festet til andre, så sjekk gjerne med familie eller andre etterlatte før du vel å slette ei grav.

 

Vedlikehald av gravminne

Det er valfritt om man vil sette opp eit gravminne, men dei fleste vel å ha ein gravstein ved grava. Eit gravminne kan også vere i andre materiale, f.eks. metall, glas eller betong, men det skal brukast materiale som er varige og vedlikehaldsfrie. Ei kiste eller urne bli vanlegvis satt ned i ei grav der dei etterlatte sjølv set opp og vedlikeheld gravminnet. Det betyr at den ansvarlege for grava/festar har ansvar for at gravminnet ikkje er til fare for dei som ferdast på gravplassen.

I samband med gravlegging i nabograver kan det skje at gravminnet må takast bort midlertidig, men det vil bli satt opp igjen så fort arbeidet er ferdig. Dette blir gjort av dei som jobbar på gravplassen.

Gravplassmyndigheita har ansvar for vedlikehald av minnesmerke på anonym minnelund, namna minnelund og urnevegg der desse er å finne.

Gravminne er festaren sitt ansvar, men gravplassarbeidarane kan hjelpe til med sikring, oppretting og fjerning av gravminnet mot eit gebyr.

Ulstein kyrkjelege fellesråd tilbyr også teneste med stell av grav. Dette blir det fakturert årleg for.

Sjå meir under menyknapp Priser på framsida.